Kompetansemål



  • beherske formverk og tekstbinding på bokmål og nynorsk
  • skrive fagtekster etter vanlige normer for fagskriving på bokmål og nynorsk
  • bruke kunnskap om tekst, sjanger og litterære virkemidler i egen skjønnlitterære skriving på bokmål og nynorsk


Oppgåve


Mål & produkt: Å skrive om ein ferdig tekst til god nynorsk (ca 200 ord)
CC-lisensiert av margolove på flickr
CC-lisensiert av margolove på flickr

Tidsramme: Om lag to timar
Ressursar:
Eit ferdig blogginnlegg eller ein annan tekst du har skrive sjølv
Anne Lise Berge: Nye vegar til nynorsk, Cappelen 2008 + nettstaden
Ordbok (Hellevik e.l.)
Elektronisk ordbok
Høyrepluggar e.l.
NDLA sine e-leksjonar om nynorsk
"Mi eiga ordliste" (last ned og installér fila på harddisken din om du vil. Her kan du skrive ord som du ofte har problem med i nynorskarbeidet)

1. Finn eit innlegg på bloggen din på ca 200 ord. Dette skal du no omsetje til perfekt nynorsk. Bruk Notepad eller eit Google-dokument til å kladde i - dette for å unngå å dra med deg formatering inn i bloggen når du skal poste innlegget ditt på nytt i perfekt nynorsk språkdrakt. Skriv så godt og rett som du kan, men ikkje rett opp eventuelle feil enno. Konsentrer deg om å få til godt språk i teksten din. (Ikkje fall for freistinga til å bruke automatisk omsetjing - det lærer du ingenting av! Den einaste du lurer er deg sjølv.)
2. Finn alle substantiva i teksten din og sjekk substantivbøyinga. Bruk ordliste, ordnett eller ordbok.no. Om dei har rett form kan du fortsette, viss ikkje må du repetere. Sjå denne videoen om substantivbøying. Før opp korrekt form av alle substantiva du var usikker på i "Mi eiga ordliste".
3. No skal du gjere det same med verba dine. Repeter svake verb og sterke verb dersom du er usikker på grammatikken. Deretter fører du inn alle verba du ikkje kunne i "Mi eiga ordliste".
4. Du har skjønt det no, ikkje sant? Hald fram med å rette opp adjektiv. Sjå video om adjektiv.
5. No er det på tide å sjå på typiske bokmålsord. Har du brukt an-be-heit eller -else-ord? Kan dei få stå, eller bør du omsetje? Unngå substantivsjuke! Sjå meir her om slike ord på nynorsk. Før inn ord som heiter noko anna på nynorsk i "Mi eiga ordliste".
6. Finn ein du kan lese teksten din høgt for og få respons på han. Deretter gir du respons på teksten til den andre. Kva må du endre på?
7. Har du brukt passive setningar i teksten? Bør du skrive dei om? Sjå meir om det på denne videoen.
8. Kva med genitiv? Det er fort gjort å gjere feil her, men eigentleg er det ikkje så vanskeleg. Sjå meir.
9. Slit du med å få dreis på om det heiter "eige", "eiga" eller "eigen", til dømes? Sjå meir om samsvarsbøying.
10. Pronomen er det òg lurt å sjå over. Er du i tvil om kva som er rett kan du sjå denne videoen.
11. Hugs at det ikkje heiter "Min far" eller "mitt hus" på nynorsk, men heller "far min", "huset mitt" osb. Sjå meir om etterstilt bestemming, dobbel bestemming her. Luk ut alle slike feil i teksten din.
12. Plar du å få kritikk for "dårleg språk"? Det kan hende at du bør vere meir konsekvent i val av former. Ikkje bland sideformer frå bokmål med sideformer frå eldre nynorsk. Sjå denne videoen og gå over teksten din etterpå. Har du slike feil?
13. Få respons på teksten din ein gong til dersom du ynskjer det. Deretter skal du poste han på bloggen. Legg inn ei lenkje til det opphavelege innlegget ditt øvst.

Nynorskkurs


1. Treng du å friske opp grammatikken din, eller er du framleis usikker? Det gjeld nok dei fleste av dykk. Bruk Språkrådet sine sider til mengdetrening.
2. Minikurs i nynorsk